Skal du arrangera?

Her finn du nyttig informasjon du bør vita når du skal skipa eit arrangement, samt gode råd og tips til planlegginga.

Før du planlegg arrangementet ditt: Sjekk oversikt frivillig lagsliv og kva som skjer på Voss på Friskus sin Kulturkalender.

Rettleiar for små og store arrangment i Voss herad

Voss herad har eit pulserande kulturliv og me er ei stolt arrangørbygd. Det skal vera enkelt og oversiktleg å vera arrangør i bygda vår. Her finn du nyttig informasjon og gode råd og tips til planlegging av ditt arrangement. Me er opptekne av eit godt vossaklima så hugs å ta omsyn til folk, natur og kulturminne i både planlegging og gjennomføring.  Det er viktig at alle arrangement er tilgjengelege for alle og universell utforming bør difor vera eit førande prinsipp.

Skal du arrangera?

Her finn du nyttig informasjon du bør vita når du skal skipa eit arrangement, samt gode råd og tips til planlegginga.

Sjå meir her

Finn rettleiar for lokasjon

Torget

Torget

Torgplass. Tilgang til straum.

Book her

Prestegardslandet 2

Prestegardslandet 2 - nord for utescena

Grasplen, parkområde. 9000 kvm.
Viktig å ta hensyn til kulturminnet som står nære Presteboligen.

Book her

Prestegardslandet 1

Prestegardslandet 1 - sør for utescena

Grasplen, parkområde. 6000 kvm.

Book her

Voss aktivitetspark

Voss aktivitetspark

Skateparken kan ikkje leigast.

Book her

Voss Idrettsplass

Voss Idrettsplass

Voss idrettsplass har eit fullverdig friidrettsanlegg med 6 løpebanar og ein grasbane for fotball som også kan nyttast som aktivitetsflate. Tidtakarbu med lydanlegg er inkludert i leiga. Opplæring dersom den skal nyttast . Bruk av toalettanlegg må avklarast med Vossabadet og Voss idrettshall. Voss IL friidrett må kontaktast dersom leige av høgdestativ, startblokker og liknande.

Book her

Gras 2

Gras 2

Fullverdig fotballbane med naturleg gras. Kan også nyttast som aktivitetsflate.
​ca 6800 kvm

Book her

Finn rettleiar etter tema

Kontraktar

Vi anbefaler at de inngår kontrakt med alle samarbeidspartnarar.

Les meir about Kontraktar

Arenaer og lokale

Treng du å leige lokale til arrangementet ditt, kan du finna oversikt og kontaktinfo her.

Les meir about Arenaer og lokale

Miljø

Det er naudsynt å tenkja på miljøvern og avfallshandtering for ditt arrangement.

Les meir about Miljø

Lydnivå, grenseverdiar, støy og nabovarsel

Rettleiaren Musikkanlegg og helse, IS-0327, frå Helsedirektoratet legg grunnlag for handtering av støy under arrangement i Voss herad.

Les meir about Lydnivå, grenseverdiar, støy og nabovarsel

Vakthald

Vakthald er viktig når ein samlar mykje folk på ein stad. Spesielt dersom alkohol er involvert, men også der ei potensiell evakuering kan skje.

Les meir about Vakthald

Skjenkeløyve/løyve til å selja mat

Dersom du skal selja mat og drikka, med eller utan alkohol, må du søkja om serverings- og skjenkeløyve (minmum 3 veker før arrangementet).

Les meir about Skjenkeløyve/løyve til å selja mat

Kalender

I kalenderen kan alle leggja inn planlagde arrangement og arrangement under planlegging, uavhengig størrelse. Har de ikkje fastsett dato endå legg gjerne inn tentative datoar. Målet med kalenderen er å få spreiing i arrangementa i bygda og hindra at fleire arrangement skjer samtidig.

Sjå meir her

Fann du ikkje det du leita etter?

VossaArrangement er ei ressursside der aktørar kan henta all den informasjonen dei treng i planlegging og organisering av eit arrangement. Blant anna med lenkjer til ulike søknadsskjema, kontaktinformasjon til bidragsytarar og utstyr ein kan leiga.